Får ikkje logge på portalen, kva skal eg gjere?

Få «rolle» for å logge seg på Partiportalen
Berre personer som har fått «rolle» i Partiportalen, kan logge seg på og komme til eigen profilside for partileddet.

«Rolle» vil sei rett til å logge seg på for eit bestemt partiledd. SSB har henvendt seg til dei som står oppført som «kontaktperson» for det enkelte partileddet, kontaktpersonen har ikkje nødvendigvis «rolle».

Du må søke særskilt om «rolle». Det gjerast også ved å klikke på «Logg på Partiportalen», i neste bilde «Logg på med ID-porten», bruk deretter f.eks. BankID. 

Logger du på for første gang må du først godta brukarinstruks i partiportalen.

Der etter kjem du til ei side med forskjellige rubrikkar - sjekk først at din brukarinformasjon er oppdatert. Dette er viktig for å kunne få søke om rolletilgang.

Gå i rubrikken "søk om ny rolle" og bruk nedtrekksmenyane til å velge kva nivå partiet ditt er (sentral, fylke, kommune), i kva fylke, kommune, og kva parti det gjeld. Avslutt med send søknad om rolle. Denne tilgangen vert godkjent av andre i partileddet med samme rolletilgang, alternativt personar med tilgang til partiets fylkesledd. 

Om søknaden vert liggande over fleire dagar vil Statsforvaltaren ta kontakt med partileddet for å purre, og høyre om søknaden skal godkjennast/avslåast.