Bakgrunnsbilde

Rapportere bidrag i valgår

Det er tillatt for alle å gje bidrag til politiske parti og partiledd med dei avgrensingar som følgjer av partiloven § 17 a. I valår har partia ei særskilt plikt til å rapportere til SSB om bidrag over 10 000 kroner som er mottatt i perioden 1. januar og fram til fredag før valdagen.

Bidrag gitt under valkamp ( frå no av «bidrag i valgår») er alle bidrag i form av pengar, varer eller tenester gitt til politiske parti og partiledd i ovannemde tidsrom frå privatpersonar, kommersielle føretak, arbeidslivsorganisasjonar og andre organisasjonar, foreiningar og/eller andre ikkje-offentleg eigde aktørar (givarar). Dette gjeld og om bidraget blir gitt regelmessig etter avtale – til dømes «partiskatt» eller månadsbidrag mv frå eigne medlemmar. Motivet for å gje bidrag har heller ikkje noko betyding etter lova.

Partia og partiledda må rapportere om bidrag i valår berre dersom

  • bidraget/a er mottekne mellom 1. januar og siste fredag før valdagen i eit valår
  • eit eller fleire bidrag frå ein og same bidragsytar overstig 10 000 kroner til saman

Merk særskilt at

  • definisjon av «bidrag» omfattar pengar, varer, tenester, lån, rabattar og sponsing
  • det/dei kan vere gitt av privatpersonar, kommersielle føretak, arbeidslivsorganisasjonar og andre organisasjonar, foreiningar og/eller andre ikkje-offentleg eigde aktørar (givarar)
  • lån på ikkje-kommersielle vilkår blir óg rekna som rapporteringspliktige valkampbidrag (sjå nærare om dette under definisjon av bidrag i valgår)
  • overføringar frå eigen partiorganisasjon der givar er omfatta av partiloven, reknast ikkje som bidrag i valgår. Bidrag gitt til dømes av folkevalde grupper (i Storting, fylkesting eller kommunestyre) blir rekna som bidrag i valgår
  • Det er forbode å ta i mot anonyme bidrag, bidrag frå utanlandske givarar eller bidrag fra rettssubjekt under kontroll av Staten eller annan myndigheit

 

Partiet eller partileddet skal rapportere inn slik støtte seinast fire veker etter at bidraget vart mottatt. Bidrag som er mottatt etter 11. august 2023, skal rapporterast seinast innan 8. september 2023.
Dersom partiet får fleire bidrag frå same bidragsytar, må partiet oppdatere den samla summen etter kvart.

 

Slik rapporterer du bidrag i valgår

Bidrag i valgår skal rapporterast ved hjelp av skjema i partirekneskap på partiportalen.no.

Sjå rettleiinga for å rapportere bidrag i valgår, om du ynskjer hjelp for å leite opp skjema, fylle det ut og sende det inn.

Kort tid etter du har rapportert bidrag i valgår, vil Statistisk sentralbyrå stadfeste at opplysningane er rette. Deretter blir opplysningane gjort tilgjengelege på nettstaden www.partifinansiering.no. Er det usikkerhet rundt eit bidrag, tek SSB kontakt med partiet.

Til partirekneskap og rapportering.

Kven kan rapportere på vegne av partileddet

Dei som kan rapportere bidag i valår er

  1. Dei som har ordinær rolle for partileddet på partiportalen.no. Med ei slik rolle får du status som "bidragsførar" i rapporteringsmodulen.
  2. Dei som har som rolle som rekneskapsførar for partileddet OG som nyttar Partirekneskap for bokføring av heile rekneskapet for partileddet.

NB! Personar som har rolle for eit partiledd der det er underliggande einingar, til dømes eit fylkespartiledd, kan ikkje rapportere på vegne av underliggande kommunepartiledd basert på si rolle for fylkespartileddet. Det må søkast vanleg sjølvstendig rolle for dei partiledda som du skal rapportere for.

Har du ikkje godkjent godkjent rolle, søker du om det ved å logge på www.partiportalen.no

Under menypunkt "administrasjon" - "ny rolle" finn du rubrikken "søk om ny rolle" der du kan søke deg tilgang til det partiet du vil rapportere bidrag for. Så fort rollesøknaden er godkjent kan rapportering gjennomførast.

Heimel

Heimel for denne plikta er partiloven §§ 18 fjerde ledd. Sjå óg § 19 andre til fjerde ledd, samt partilovforskriften §§ 2-1.

 


Gå til: