Kan felleslister søkje og få utbetalt tilskot?
Felleslister som består av to eller fleire registrerte politiske parti, kan søkje om og få utbetalt statstilskot. Den som er ansvarleg eller kontaktperson for felleslista må søkje om statstilskot og bekrefte kontoopplysningar i Partiportalen. I tillegg må alle dei politiske partia som inngår i felleslista bekrefte partiopplysningane i Partiportalen. Utbetalinga av statstilskot skjer direkte til felleslista.
.