Bakgrunnsbilde

Kurs i partirekneskap

Med god påmelding til våre 3 første kurs i partirekneskap blir det no satt opp 2 nye kurs i mars månad.

Kurset går gjennom funksjonar i programmet og korleis partiet kjem seg igang.

Dette vil vere eit lågterskeltilbod til dei som er klar for å ta systemet i bruk, samt dei som er interesserte, lurer på kva dette kan vere, eller berre vil ha meir informasjon.

For påmelding til kurset trykker du her

For å søke tilgang til partirekneskap loggar du deg på partiportalen, går til menypunkt administrasjon - ny rolle og bruker dei nye rekneskapsrollene tilgjengelige for ditt parti. Denne tilgangen godkjennast av dine partifeller som også har tilgang i partiportalen.

Når tilgang er på plass kan du logge inn på partirekneskap.

Publisert 18.02.2022